Personer:
(1) Frå venstre: Ukjend
(2) Peter Gurskevik (frå Gursken)
(3) Petra Gurskevik (frå Gursken, søster til Peter)
(4) Gudrun Sætre (frå Gursken)
Bildetekst:
Dette bildet er frå prestegarden på Larsnes. Det er teke om lag der Larsnes kyrkje står i dag og viser mellom anna korleis ei stor hjulrive såg ut. Utsikta ein har vestover er mot Rønnebergbuda mm. til venstre og vidare utover mot Klettane på Sandsøya.

Til venstre i bildet ser ein slåmaskina. Det er fortalt at alle personane på bildet var drengar og tenestejenter i prestegarden. Om dei var der samstundes er litt uklart. Bildet er elles eit godt døme på fotografen si gode evne til å komponere eit kunstnarleg foto. Det kan vere frå om lag 1915.

ID: SASf-001.2143 Kommune: Sande
Distrikt: Larsnes
Stad: Larsnes, Prestegarden, Saude Ytre
Motiv: Gardsdrift, slåttonn, hjulrive Årstal: Om lag 1915

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
06.02.2006 Per Kristian Halle Frå Prestegarden, omlag der kyrkja på Larsnes står i dag.