Bildetekst:
Sildesalting på Vasstrandkaia. På baksida av ein papirkopi er følgjande skreve: I forgrunnen: Rasmus Kvalen. Bak: Kornelia Skrede, Ingeborg (Bolla) Tødenes. Lengst til venstre: Olina Marta Gjerde og Magda Gjerde.

Frå bildekartong: Frå Larsnes, ca. 1917. Karl Dalen kjøpte mykje sild for "engelskmannen".

ID: SASf-001.2145 Kommune: Sande
Distrikt: Larsnes
Stad: Saude Ytre, Vasstrandkaia
Motiv: Båt, Årstal: omkring 1917

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
30.11.2005 Per Kristian Halle Larsnes med Kattaskjeret i bakgrunnen, ?Sildetønner på Vasstrandkaia?
06.02.2006 Per Kristian Halle Vasstrandkaia, Larsnes, under første verdskrigen. Peder Halle (f.1904) skriv om dette i sine fiskarminne: "Karl og Andreas Vasstrand tok mot sild på Vasstrandkaia, det var til England, dette var i Krigens dagar. Og stundom var vi der og." (I 1915, som 11-åring, var han saman med Alfred Nygård (10 år) i arbeid som sildesaltar hos Alfreds bestefar Amund Nygård, som tok mot drivgarnsild frå Svinøyhavet på Larsneskaia for leveranse til Tyskland.)