Personer:
(1) Rasmine Halsteinsd. Vik
(2) Anne Andersd. Myklebust
(3) Petra Dortea Gjerde
(4) Leonhard Breivik
(5) Johanne Leonhardsd. Breivik
(6) Anne Oline Sofie Gjerde Breivik
(7) Karoline G. Myklebust Nordal
Bildetekst:
"Bakkane" (89.12) på Myklebust i Syvde. Rasmine Halsteinsd. Vik (frå gbnr 88.13 i Syvde), hadde fått fråskilt denne eigedomen i 1884. Biletet er teke i høve dåpen til Johanne Leonhardsd. Breivik, som var fødd i 1917. Foreldra Leonhard og Anne Breivik står bak med dåpsbarnet. Til venstre står Petra Gjerde, Anne si syster. Heilt til høgre står 2 ukjende karar, som visstnok dreiv med utskifting eller oppmåling i Syvde på denne tida, og dama med den svarte hunden er Karoline (Kalla) Guttormsd. frå Kriken. Ho emigrerte seinare til Canada og vart gift Nordal. Dei to gamle damene som sit i midten er Rasmine Halsteinsd. Vik, og Anne Andersd. Myklebust frå Kriken. Ho var mor til Karoline. Anne hadde fått skøyte på bruket frå Rasmine i 1915, og budde no på Bakkane saman med Breivikfamilien. (Informant: Reidar Vik/Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.0992 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Myklebust
Motiv: Familie, gruppeU9, Reg: JNO Årstal: 1917

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
28.02.2008 Jostein Nordvik Namna på nr. 1 og nr. 5 er feil. Nr. 1 er mest sannsynleg Rasmine Halsteinsd. Vik (frå gbnr 88/13 i Syvde), som hadde fått fråskilt denne eigedomen (gbnr. 89/12) på "Bakkane" på Myklebost i Syvde i 1884. Nr. 5 er Karoline Myklebost frå Øvste-Kriken i Syvde. Sjå meir om henne i kommentaren til FAKf-100100.112940.
28.02.2008 Jostein Nordvik Beklagar. Rettinga i forrige kommentar gjeld sjølvsagt nr. 1 og nr. 6!
28.02.2008 Jostein Nordvik Namna på nr. 1 og nr. 6 er feil. Nr. 1 er mest sannsynleg Rasmine Halsteinsd. Vik (frå gbnr 88/13 i Syvde), som hadde fått fråskilt denne eigedomen (gbnr. 89/12) på "Bakkane" på Myklebost i Syvde i 1884. Nr. 6 er Karoline Myklebost frå Øvste-Kriken i Syvde. Sjå meir om henne i kommentaren til FAKf-100100.112940.