Personer:
(4) Einar Haugen
(7) Dagny Liseth
(13) Severin Johansson Haugen
(14) Berte Rasmusd. Aarskog Haugen
(16) Andreas Åsemyr
(17) Johannes Åsemyr
(18) Bern Eliasson Torset
(19) Marta Johannesd. Aarskog Torset
(20) Daniel Liseth
(23) Rasmus Årskog
(24) Johan (Jon) Årskog
(25) Dorthea (Thea) Lilseth
Bildetekst:
Bryllaupet til Berte Eline Rasmusdotter Aarskog og Severin Gabriel Andreas Johansen Haugen den 27. juni 1915. Ei uskadd utgave av dette motivet finst på SASf-001.2552. Frå denne dagen finst det også eit bilde teke ved Rovde kyrkje, der vi ser alt kyrkjefolket og dei to brudepara som var vigde i kyrkja den dagen (SASf-001.6909). (Informant: Jostein Nordvik). Tilleggsopplysningar frå Per Asbjørn Knardal: Bruda, Berte Rasmusdtr. Årskog, miste far sin, bestefaren og to farbrør i den store ulukkeshendinga på Svinøyhavet 29/5 1895, då båten dei var på forliste under uver. Mora, Susanna, gifte seg oppatt i 1897 med Severin Korsfur. Dei fekk
sonen Rasmus f. 1898. Eg synest at han som står rett bak bruda, med hua på snei liknar på Rasmus (Årskog) halvbror til bruda. Han (med hatt) som står bak bruda t.h. liknar på Korsfurfolk, og kan vere bruda sin stefar, Severin Korsfur. Guten som står heilt til høgre, kan likne på Andreas Åsemyr f. i 1906. Mor til Andreas døydde då guten berre var 3-4 mnd. gammal. Faren gifte seg oppatt og flytte til Ørsta, men guten fekk vekse opp i Årskog. Han som står med hatt midt på biletet, liknar mykje på lærar og kyrkjesongar Daniel Liseth. Den siste eg synest drage kjensel på, er han som står heilt til venstre med ei vid skjoldahue. Han liknar mykje på Johannes Åsemyr. Han var syskjenbarn til bruda. Han også miste far sin i den store ulukka der i alt sju mann frå garden Årskog omkom. Johannes var knapt 4 mnd då faren drukna, og 11 år gammal miste han også mora. Meiner å vite at også han var mykje i Årskogane med Susanne og Severin under oppveksten.
Tilleggsopplysningar frå Dagrun Slettevoll Sandnes: I tillegg til Daniel Liseth i midten bak, så står eldste dottera hans, Dorthea ( kalla Thea) heilt til høgre bak. Ved sidan av henne med hatt står ektemannen, Johan (kalla Jon) Aarskog f. 1882. Han var òg son til Johannes, som omkom på sjøen, og onkel til bruda? Sitjande framme heilt til høgre liknar mi farmor, Dagny f. Liseth - 15 år her.

ID: SASf-001.1225 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovde
Motiv: Bryllaup, Årstal: 1915