Personer:
(1) Samonie Gulliksd. Nordal
(2) Peder Johannes Benjamin Severinsson Nordal
(3) Birte Severinsd. Nordal
Bildetekst:
Samonie Gulliksd. Nordal i Syvde, truleg med to av borna. Samonie var fødd i 1852 på bruket 86.04, og vart gift i Eirike-garden i 1883 (86.10) med Severin Andersson Nordal (1852 - 1898). På tidlegare registrering er biletet tidfesta til 1909, men kjelda for dateringa er ukjend i dag. Ungguten på biletet var også registrert som Isak Per Nordal, men dette namnet er så langt ikkje funne i kyrkjebøker eller sogebøker. Derimot finn vi Peder Johannes Benjamin Severinsson Nordal (fødd 1893) i konfirmasjonsprotokollen for 1908, så det er grunn til å tru at dette må vere han saman med mor og syster. Jenta til høgre er nok Birte Severinsd. Nordal, som ikkje gifte seg, og vart buande på garden. (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.1610 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Nordal
Motiv: Familie, Reg: JNO Årstal: 1908