Bildetekst:

Gardbrukar Josef Halsteinsson Brekke var fødd i 1871 på gbnr. 89/21 Brekke i Syvde.

Bruket vart seinare delt mellom Josef og broren Hans. Josef sin del vart fråskild gamlebruket med nytt bruksnummer 89/41.Han vart gift med Berte Johannesd. Løset (95/2) i 1899, og dei fekk 9 born. Josef var m.a. ei drivande kraft i kulturlivet i Syvde; han var t.d. dirigent for Songlaget Vårbod i 22 år, frå 1893 til 1915.

(Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.5448 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Brekke
Motiv: Portrett Årstal: Ukjent