Personer:
(1) Framme frå venstre: Sara Opsal Brekke
(2) Anna Vikebakk Brekke
(3) Bak frå venstre: Adam Brekke
(4) Hallstein Brekke
Bildetekst:
Brudepara Sara og Adam Brekke, og Anna og Hallstein Brekke i Syvde i 1923. Dette er ikkje eit dobbelbryllaup, slik ein kunne tru. Sara og Adam gifte seg i april, mens Hallstein og Anna gifte seg i juli, og dette biletet er nok teke etter den tid. Eg har elles funne fleire eksempel på at ein venta med fotografering av slike hendingar til det passa for fotografen. Eg veit iallfall om minst eitt tilfelle til der det er fotografert to brudepar saman. Dei bryllaupa vart faktisk haldne til ulike tider og i to forskjellege kyrkjer og kommunar. Vi har liknande eksempel frå fotografering av det som ser ut som dåpsborn, men der vi veit at dei var døypte til ulike tider. Av og til kan dermed fotografia få oss til å tru at vi har funne sikre tidfestingar - som altså ikkje stemmer! (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.0303 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Motiv: Bryllaup, gruppeU4, Reg: JNO Årstal: 1923