Bildetekst:
Dette er postopnar og gardbrukar Andreas Paulsson Myklebust frå Sjurbakken (gbnr. 89/10) i Syvde, f. 1865. Han var postopnar frå 1896 til 1936. Til høgre for han står kona, Margrete Henriksd. Skei frå Følling ved Steinkjer, f. 1863. Dei vart gifte i 1894, men hadde ikkje born.
På Takset i Syvde (98/11) budde Andreas sin brorson. Paul Paulsson Gjerde frå Koppen (87/3) i Syvde, med kone og 10 born, og eine dottera, Alma Gjerde, f. 1914, vart fosterdottera til Andreas og Margrete. Ho vaks opp på Sjurbakken, og då ho gifta seg med Paul Lauritsson Røys frå Syvde (89/1) i 1938 fekk dei skøyte på Sjurbakken og stifta familie der.
(Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.1482 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Sjurbakken
Motiv: Familie Årstal: 1920