Bildetekst:
Dette er Nordstranda Ungdomslag. Biletet er truleg eitt av fleire som vart tekne av ungdomslaget 17. mai 1926. Fleire av medlemene er identifiserte via Facebook-sida "Gamle bilder frå Stadlandet". Laget høyrde til i Nordstranda skulekrins på Stadlandet. Det vart skipa i 1890-åra og det eksisterer eit bilete som kanskje er frå 1899. Namnet Nordstranda dekte grovt sett nordsida frå Sandvik til Beitveit/Borgundvåg. Eg veit ikkje om laget eksisterer lenger, men det har vore lite aktivt i nyare tid. Bileta som Storegjerde tok av leikarringen er altså truleg frå 17. mai 1926. Arthur Ervik (død) var medlem og skreiv i si tid opp kven som var med i laget. Dottera Vesla Ervik Groeneboom har enno namnelister over dei fleste. (Informant 20150817: Arne Apelseth).
Lærar Olav Myklebust framme til høgre.

ID: SASf-001.0996 Kommune: Selje
Distrikt: Stadlandet
Stad: Nordstranda, Sandvik, Beitveit, Borgundvåg
Motiv: Gruppe, ungdomslag, Årstal: 1926

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
14.08.2015 Arne Apelseth Dette er Nordstranda Ungdomslag. Biletet er truleg eitt av fleire som vart tekne av ungdomslaget 17. mai 1926. Fleire av medlemene er identifiserte via Facebook-sida "Gamle bilder frå Stadlandet"