Bildetekst:
Thomas Landsverk kallar plassen til høgre "Helta" eller "Helfta". Den vart ikkje flytta, berre rotna ned. Det var husa i fellestunet til venstre som vart flytta. Br. 1 er Hansegarden. Der var det 1 stove, 2 uthus og 2 småbygningar. Dei husa vart flytta etter utskiftninga - 23/24. Fyrst fjøset, og so stova i 1926. Br 5 er Egilgarden, som hadde 8 bygningar, av dei 1 stove og 1 løe. Br. 4 er det kvite huset oppi bakken, det står der enno og er gamlehuset på garden. Der var 6 hus i alt. Det mørke huset midt på bildet med 4 glas oppe og 4 i kjellaren er det som står i Hansegarden i dag. Det vart delt på midten og forlenga. (Informant: Magnhild Stranden / Thomas Landsverk).

ID: SASf-001.7356 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Landsverk
Motiv: Landskap Tidsrom: 1922 - 1955