Bildetekst:

Bildet er frå Knotten i Sande, gbnr. 23/4 Torgerplassen.

I Sandesoga, band 1, s. 583 er det i opplysningane om Torgerplassen eit bilde av dette huset og nokre av dei same folka med tillegg av nokre fleire vaksne. Det bildet er datert til 1909 og dette bildet må vere teke omtrent på same tida.
I ein bildekommentar frå facebook-gruppa "Gamle bilder i Sande", skriv Johanne Hauge:
"Dette tror jeg er 3 søsken fra Knotten . Hjalmar Knotten, Emilie Breivik, min mormor, Johanne Langberg og oldemor Lina Knotten . Litt utrygg på hvem barna er."

(Informant: Kåre Myklebust).

ID: SASf-001.7341 Kommune: Sande
Distrikt: Gursken
Stad: Knotten
Motiv: Gruppe, bygningar Årstal: 1909?

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
15.06.2015 Jostein Nordvik I Sandesoga, band 1 s. 583, er det i opplysningane om Torgerplassen, gbnr. 23/4 i Sande, et bilde av dette huset og nokre av dei same folka, med tillegg av nokre fleire vaksne, så dette bildet er nok også frå Torgerplassen. Bildet i Sandesoga er datert til 1909. I ein bildekommentar frå facebook-sida "Gamle bilder i Sande", skriv Johanne Hauge: "Dette tror jeg er 3 søsken fra Knotten . Hjalmar Knotten, Emilie Breivik, min mormor, Johanne Langberg og oldemor Lina Knotten . Litt utrygg på hvem barna er."
14.06.2015 Kåre Myklebust Etter publisering på FB-sida "Gamle bilder frå Sande" kom det nye opplysningar om stad/personar som plasserer bildet på ein ny stad: Kommentarer:Johanne Hauge: Dette tror jeg er 3 søsken fra Knotten . Hjalmar Knotten, Emilie Breivik, min Mormor, Johanne Langberg og Oldemor Lina Knotten Litt utrygg på hvem barna er Jannike Breivik: Gnr 23 brnr 4 Torgerplassen på Knotten Når både stad og personer synes identifisert av fleire må det sjåast som det rette. .
30.04.2015 Kåre Myklebust Kommentar etter publisering på Facebook: Helge Takseth: I følge tidligare eigar Mindor Sjåstad er dette Kleivane i Vik, Gnr. 40 brnr. 1.i Vanylven Då ser vi Vikeneset mellom husa.