Bildetekst:
Biletet har vore publisert på "Gamle bilder" frå Vanylven. Her er kommentar frå Svein Bøstrand: "Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå", seier gamle Ivar, og her er beviset.
Bildet er frå Bøstranda som "Barry" ganske så rett fortel. Og ikkje nok med det: Biletet syner garden der "Barry" er oppvaksen, nemleg Midtre Tunheim 17/4, Jakobsplassen.

Det er nok truleg Jakob Andersen Bøstrand vi ser på biletet (1841-1923). Garden var eit plassebruk som Elling Bødal eigde. Han selde til Severin Aarsnes i 1915 (kom frå Hjørundfjord). Alle husa på biletet er no borte (Informant: Kåre Myklebust).

ID: SASf-001.7339 Kommune: Vanylven
Distrikt: Bøstranda
Stad: Midtre Tunem
Motiv: Gardstun, Tidsrom: 1922 - 1955

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
12.03.2015 Kåre Myklebust Bildet har vore publisert på Gamle bilder frå Vanylven. Her er kommentar frå Svein Bøstrand: "Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå" seier gamle Ivar, og her er beviset. Biletet er frå Bøstranda som Barry ganske så riktig antydar. Og ikkje nok med det: biletet syner garden der du Barry er oppvaksen, nemleg Midtre Tunheim 17/4, Jakobsplassen. Det er nok truleg Jakob Andersen Bøstrand vi ser på biletet (1841-1923). Garden var eit plassebruk som Elling Bødal eigde. Han selde til Severin Aarsnes i 1915 (kom frå Hjørundfjord). Alle husa på biletet er no borte