Personer:
(1) Birger Halle
(2) Peder Halle
(3) Petter A Halle
(4) Rasmus Halle
(5) Sivert Storegjerde
(6) Jetmund Storegjerde
(7) Mathias Nupen
(8) Ukjend
(9) Sara Skoge ?
(10) Ragna Skoge
(11) Ukjend
(12) Ole B. Kvasnes
(13) Ukjend
(14) Gerhardine "Dina" Roppen
(15) Petra Halle
(16) Kaspar Halle
(17) Petter B. Halle
(18) Ukjend
(19) Johan Storegjerde
(20) Johan Matias Halle
(21) Petter A. Nygård
(22) Jakob "Elva-Jakob" Halle
(23) Ukjend
(24) Andreas Storegjerde
(25) Hjalmar Storegjerde
(26) Borghild "Seljen-Borghild" Halle
(27) Serina Indresøvde Halle
(28) Ukjend
(29) Sigvald Roppen
(30) Andrea Halle
(31) Ukjend
(32) Karen Snipsøyr Halle ?
(33) Karen A. Storegjerde
(34) Anna Storegjerde,
(35) Anna Kornelia Storegjerde (g. Tømmerdal),
(36) Ukjend
(37) Lovise Halle
(38) Ukjend
(39) Gina Halle
Bildetekst:
Same motiv på bilde 7221 og 6969

Usikkert om det er gravferda til Marie Klausdotter Skoge i 1911 slik ein før har trudd.
Liv Margit Ertesvåg undrar om det kan vere gravferda til mannen hennar, Peter Gulikson Flatøy.

Etter å ha sendt inn namnelista for bildet skriv Liv Margit i ein e-post den 25.01.2016 til Storegjerdesamlinga:

MEN, ...eg trur «historia må skrivast om». Dette kan ikkje vere gravferda til Marie Klausdotter Skoge i 1911, fordi:
1) nr.25 Hjalmar Storegjerde ville berre vore knapt 1,5 år i 1911, og dei hine ungane er også for store etter alderen for dette årstalet. Sameleis kan ein sjå på nr.16 Kaspar Halle, han er ikkje berre 10 år på dette bildet !
2) Og, 1911 er tre år før sokneprest Kvasnes kom til Sande.

Altså, det må vere ei gravferd då Kvasnes var her: mellom 1914 – 1920.

Kva om det er gravferda til Peter Gulikson Flatøy i 1916 ? han var gift med Marie Klausdotter Skoge. ( i så fall kan kanskje nr.8 vere Knut Klausson Skoge? Han tok seinare over bruket: bnr. 3 Halle Indre (s.63 i Sandesoga II ) ...og då kan det vere dei tre svigersyskena til Peter Gulikson Flatøy som står/sit mest sentralt bak kista, nr. 8, 9 og 10).

2016.01.26:
Ifg. kommentar frå Aslak Storegjerde meiner også han at det må vere gravferda tl Peter Gullikson Flatøy som døydde 5. januar 1916. Aslak trur at nr. 4 på bildet må vere Rasmus Halle frå nabogarden. Det er notert på namnelista.

2016.01.27:
Iflg. e-post til Arthur Vestnes meiner også Marte Storegjerde at dette må vere gravferda til Peter Gullikson Flatøy i 1916.


ID: SASf-001.7221 Kommune: Sande
Distrikt: Hallebygda
Stad: Halle Indre
Motiv: Gruppe, gravferd Årstal: Medio januar 1916

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
02.02.2016 Liv Margit Ertesvåg (27) Serina Indresøvde Halle
26.01.2016 Aslak Storegjerde Hei, god dag. Liv Margit har heilt rett - historia for dette bildet må skrivast om. Dette er gravferda til Peter G. Flatøy som døydde 5. januar 1916 og bildet er frå "Skogegarden" i Hallebygda. Vi ser også at det er snø og vinter. Kona, Marie, døydde midt i oktober og då var det neppe snø. Elles er det klart at 1916 passar perfekt med alderen på borna på bildet. Eg er vidare samd i namnelista til Liv Margit, men trur kanskje at nr. 4 må vere Rasmus Halle frå nabogarden.
25.01.2016 Liv Margit Ertesvåg (1) Birger Halle (f. 1909) ?, (2) Peder Halle (f.1904), (3) Petter A. Halle, (5) Sivert Storegjerde, (6) Jetmund Storegjerde, (7) Mathias Nupen, (9) Sara Skoge ?, (10) Ragna Skoge, (12) Ole B. Kvasnes (sokneprest i Sande 1914-1920), (14) Gerhardine "Dina" Roppen, (15) Petra Halle, (16) Kaspar Halle (f.1901), (17) Petter B. Halle, (19) Johan Storegjerde, (20) Johan Matias Halle, (21) Petter A. Nygård, (22) Jakob Halle "Elva-Jakob", (24) Andreas Storegjerde, (25) Hjalmar Storegjerde (f. 1910), (26) Borghild Halle, seinare kalla "Seljen-Borghild" (f. 1911), (29) Sigvald Roppen?, (30) Andrea Halle, (32) Karen Snipsøyr Halle ?, (33) Karen A. Storegjerde, (34) Anna Storegjerde, (35) Anna Kornelia Storegjerde (g. Tømmerdal), (37) Lovise Halle, (39) Gina Halle