Bildetekst:
Asbjørn Vorren frå Sandsøya har kommentert dette bildet på Facebook ved å vise til fylgjande kjelde:
Soga om Sande og Rovde av Bjarne Rabben, band 5, side 315:
«Mangt eit kvardagsmenneske hadde «godt hovud», men tilhøva låg lite til rette for å nytte ut sitt talent på annan måte enn i det kvardagslivet dei stod i. Sokneprest J. Ristesund skriv i si bok Barndomsminner om «uoppdagede talenter» og fortel om Karl Sveinson Ristesund (1854 - 1931), som var ein oppfinnarnatur: Det førsle jeg husker, var at han studerte på om ikke vind kunne drive en båtmaskin. Han prøvde seg fram med en liten maskin som han satte i en smågutt-jakt.
Det neste var at han laget en dryftemaskin før han hadde sett en slik maskin. Maskinen nyttet vind som drivkraft. Han satte opp et stort vindhjul med vinger utenfor lødedøren. Men vinden på fjelløya Kvamsøy er ikke jevn som i flatlandene Danmark og Holland. Siden konstruerte han en truskemaskin og brukte vatn som drivkraft. Det gikk bedre.
Som moden mann oppfant han et apparat til utsetting av fiskeliner. I 1928 fikk han med departementets samtykke et reisebidrag på 200 kroner for å prøve. Karl Ristesund konstruerte ein linekastar, leigde båt og gjekk ut lina for full fart. Apparatet vart demonstrert for fagfolk. Han fekk 200 kroner i offentleg tilskot til å reise til Lofoten og gjere apparatet kjent, overlét det så til ein fiskar som skulle gjere det kjent på Finnmarka. Han hadde stort utlegg på oppfinninga si, men fekk ikkje noko att. Ideen vart utnytta av andre».
Avskrift sogebok 20150812: Arthur Vestnes
ID: SASf-001.7184
Kommune: Sande
Distrikt: Kvamsøy
Stad: Ristesund
Motiv: Oppfinning, linekastar, utstyr fiske
Tidsrom: 1925 - 1930
Melding til Sande Sogelag
SASf-001.7184
Vi set stor pris på all informasjon vi kan få om eit bilde. Bruk gjerne dette skjemaet til å sende oss
det du måtte vite om dette bildet.
På førehand takk!
TIPS: Ved identifisering av personar startar ein alltid frå venstre og første rad.
For kvinner som kanskje har endra etternamn ved giftarmål nyttar ein det namnet som personen
sannsynlegvis hadde då bildet vart teke - gjerne med tilføying av nytt etternamn ved giftarmål,
dersom ein har kjennskap til det.