Bildetekst:
Frå Arset. Jostein Nordvik: Dette er ein versjon av SASf-001.7158. Til det bildet har vi fått følgjande kommentar: Eg kjenner godt dette biletet frå garden der eg voks opp. Biletet viser at hamskiftet i landbruket var ein realitet også på våre kantar (1920-30-åra). Til venstre på biletet står grandonkel Petter Sundnes frå Leinøya, med longorv i handa (han hadde arbeidd mykje med det nye våningshuset på biletet som framleis var umåla då). Bestefar Mons Arset sit på rakemaskina/rakeriva, Den neste med longorv var dreng på garden (kjenner ikkje namnet). Aslaug (mi mor) sit på høyvendaren. Dama med hatt og kåpe er Amerikagjest som skal reise, deretter står bestemor Karen Arset f.Sundnes, hennar syster Sofie Sundnes (på besøk frå Leinøya) sit på slåmaskina med ein hundekvalp som også får bli med på biletet. Dei to siste på biletet er Amerikagjester klar til avreise. Biletet var utstilt på landbruksutstillinga i Molde i 1931 - sikkert p.g.a. mekaniseringa som Storegjerde fanga opp her - og og mi bestemor Karen Arset var tilstades der, fortalde ho. (Informant: Norleif Vik). Tilleggsinfo: Kommentar etter publisering på "Gamle bilder frå Vanylven:Jostein Nordvik: Bildet er frå Arset, garden til Magne Vik Arset. Mons Arset på sleperiva, svigersonen Einar Vik med langorv, og dottera Anna på høyvendaren. Ein annan versjon av same motivet ligg på FAKf-100100.115882. (Informant: Kåre Myklebust)

ID: SASf-001.7179 Kommune: Vanylven
Distrikt: Sørbrandal
Stad: Arset
Motiv: Gruppe, bygningar Tidsrom: 1922 - 1955