Bildetekst:
Oppstilling av heimestyrkar i Ulstein og Brandal for siste gong midt i juli 1945. Guri Alme, Ulsteinvik, har sendt oversikt som viser namna på dei som er på bildet. Etter alt å døme er det Lars Inge Breivik som har kome med opplysningane via Facebook. Storegjerdesamlinga ynskjer informasjon om kvar dette bildet er brukt og kven det er som har presentert namneoppstillinga.

Sigmund Breivik er ein av dei som er på bildet, han hadde kamera og har teke ein del bilde av hendingane i frigjeringsdagane i mai 1945. Han hadde dette bildet i glas og rame med namne liste på baksida. Det bildet er ikkje merka med nummer eller anna som viser at det er Storegjerdebilde, men det er truleg det. Bildet med undertekst som var lagt ut på min Faceboo- side er frå Vikebladet / Vestposten som laurdag 6. mai 1995 gav ut ei avis: "Fem tunge år i Ulstein og Hareid". Ser at det er brukt nemninga Heimevernet, men det er feil. Det heitte Heimestyrkane og var forløparen for Heimevernet som var oppretta av Stortinget i 1946? Bildet er er teke 18. juli 1945 då Heimestyrkane vart offisielt dimmitert, men fleire vart kommandert til vakttjeneste etter det. På bildet manglar forøvrig ein del HS-folk som allereie var på vakttjeneste. Vidare var Områdesjef Olav Osnes konstituert som lensmann i Hjørundfjord etter at lensmannen der vart skoten av tyske soldatar han skulle ta til fange. Som ny områdesjef var oppnemnt Karl Alme som står til venstre i 2. rekke. (Informant: Lars Inge Breivik).


ID: SASf-001.7143 Kommune: Ulstein
Distrikt: Ulsteinvik
Stad: Ulsteinvik, Ulsteinvik Barneskule (i trappa)
Motiv: Heimestyrkar 1945 Årstal: 18.07.1945

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
09.09.2015 Lars Inge Breivik Sigmund Breivik er ein av dei som er på bildet, han hadde kamera og har teke ein del bilde av hendingane i frigjeringsdagane i mai 1945. Han hadde dette bildet i glas og rame med namne liste på baksida. Det bildet er ikkje merka med nummer eller anna som viser at det er Storegjerdebilde, men det er truleg det. Bildet med undertekst som var lagt ut på min Facebook side er frå Vikebladet / Vestposten som laurdag 6. mai 1995 gav ut ei avis: "Fem tunge år i Ulstein og Hareid". Ser at det er brukt nemninga Heimevernet, men det er feil. Det heitte Heimestyrkane og var forløparen for Heimevernet som var oppretta av Stortinget i 1946(?) Bildet er er teke 18.juli 1945 då Heimestyrkane vart offisielt dimmitert, men fleire vart kommandert til vakttjeneste etter det. På bildet manglar forøvrig ein del HS-folk som allereie var på vakttjeneste. Vidare var Områdesjef Olav Osnes konstituert som lensmann i Hjørundfjord etter at lensmannen der vart skoten av tyske soldatar han skulle ta til fange. Som ny områdesjef var oppnemnt Karl Alme som står til venstre i 2. rekke.