ID: SASf-001.7004 |
Kommune: Vanylven |
Distrikt: Syvde |
Stad: Svyde |
Motiv: Gruppe | Årstal: Ukjent |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
25.06.2015 | Jostein Nordvik | Paret som sit lengst til venstre er lærar Elias Botolvsson Holsvik frå Syvde, og kona Johanne Severinsd. Kleppestøl. Elias vart tilsett som lærar og klokkar i Syvde i 1914, og flytte då til Syvde frå Leikong i Herøy. Han var i fyrste ekteskap gift med Ingeborg P. Tennfjord i 1901, og dei hadde ei dotter, Ingeborg, f. 1902, som sit fremst til høgre for Johanne. Mora Ingeborg døde, og Elias vart gift med Johanne i 1907, og på fanget har Elias sonen Botolv, f. 1908, og Johanne har dottera Gjertrud, f. 1910, på fanget. Då familien flytte til Syvde budde dei fyrst i klokkarbustaden ved skulen (gbnr. 89/4), men i 1916 flytte dei inn i nytt hus på Haldorbakkane, gbnr. 89/9 i Syvde. Elias og Johanne fekk seks born til der. Elias var svært aktiv i frivilleg lagsarbeid i IOGT og på andre omsråde, og var mykkje brukt som talar og foredragshaldar. Han døde i 1928. |