Bildetekst:
Frå Sandshamn på Sandsøya.
(Same motiv finst på bilde nr. 4690)

Bodil Marit Haugen Våge har sendt ein del opplysningar om dette bildet. Mellom anna fortel ho at det heng i Fiskarheimen på Sandshamn. Ho har også sendt ei avfotografering av bildet og det synest å vere i betre forfatning enn sjølve glasplata i fotosamlinga. Nærast er Haugen. I bakgrunnen ser ein Sandsbakk og Nedre Sande. Til høgre i bildet ser ein også at det ligg mange fiskebåtar på hamna.

20151025:
Storegjerdesamlinga sender førespurnad til Bodil om godkjenning til å legge inn i databasen deler av den informasjonen ho har sendt i e-post. Like eins vert sogelag på Sandsøya, og evt. andre, bedne om å sende mogleg informasjon om bildet.

Stovehuset nærast er det som lokalt vert kalla Skorpeplassen etter fam. Skorpen som budde der.Så kjem dei tre neste bruka på Bringsvorhaug, eller berre Haugen som det heiter i dag.På andre sida av Straumen ser vi Sande Nordre og Sandsbakk. Båtane vi ser til høgre i bildet ligg i sin faste "hund", og er alle heimehøyrande på Sandsøya. Bildet må vere frå rundt 1932, då både stovehuset og løa til Sverre Sætre er bygde. Løa var bygd iflg. Sogeboka, 1932.
(Informant: Oddvin Rusten).

Tunet nærast vart kalla Skorpeplassen. Gardane ved hamna heiter Sande Nordre eller Nøresande (ikkje Nedre Sande). Båtane på hamna er lokale fiskebåtar som hadde ankringsplassar her (Området heiter Bautane). Moloen ser ein ikkje på bildet. Han var ferdig (1.byggesteg) i 1938. Sætrehuset er bygt og var oppsett 1929. Bildet er frå om lag 1930 eller få år etter.
Informant: Asbjørn Vorren).

ID: SASf-001.6981 Kommune: Sande
Distrikt: Sandsøya
Stad: Sandshamn, Haugen, Skorpeplassen
Motiv: Landskap Årstal: Omkring 1930