Bildetekst:
7. juni 1915 vart to brudepar vigde i Rovde kyrkje, som då låg i Sande kommune. Dette bildet er teke etter viinga, og på høgre sida av bildet, på vegen bort frå kyrkja, ser vi det eine paret, der bruda har kvit kjole. Paret er truleg Helene Serine Nilsdotter Svedhaug og Rasmus Olavius Andersson Dalen. Det andre paret står midt i klynga nærast fotografen - bruda med mørk kjole. Det er nok Berte Eline Rasmusdotter Aarskog og Severin Johansson Haugen. Det finst også eit anna bilde teke på same staden, der berre dette siste paret står igjen (nr. 6739), og eit bilde av brudeparet Haugen i ei mindre forsamling (nr. 1225) (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.6909 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovde
Stad: Rovde
Motiv: Gruppe, kyrkje, bryllaup Tidsrom: 1922 - 1955