Bildetekst:
Bildet viser Sande og Rovde Sparebank på Larsnes som nybygg. Historia fortel at første bygdebanken på Sunnmøre, også for innbyggarane i Sande og Rovde, var Herøe og Røvde Sognes Sparebank skipa i 1843.
På slutten av 1800-talet vart det meir og meir ein folkevilje at dei også i Sande måtte få seg ein sparebank. Saka var oppe i Sande heradstyre våren 1896 og planane vart godkjend av Kongen den 19. februar 1898. Forstanderskapet som vart valt hadde første møtet sitt den 12. april og førstebankmøtet vart halde den 2. juli 1898 i leigd husvære hos Rasmus Nygård på Haugen på Larsnes.
Saka om eige bankbygg kom opp, og etter hard kamp mellom folket frå Sande og Rovde herad om kva for eit herad bankhuset skulle ligge i, landa ein på dagens tomt, som på den tida låg under Rovde.
Det vart skrive kontrakt med Sivert Storegjerde om bygging, og fullt ferdig kosta huset kring kr.20.000,-. Den 8. juli 1916 vart første bankmøtet halde i det nye bygget, men den 19. mai 1917 brann bankbygget ned til grunnen. Storegjerde bygde huset oppatt etter same teikning som det første, og huset stod ferdig i mai 1918. I tillegg til bankdrifta har bygget også vore nytta til samlingshus, konfirmantførebuing og bustad.
(Informant: Kjell Ove Vasstrand)

ID: SASf-001.6905 Kommune: Sande
Distrikt: Larsnes
Stad: Larsnes
Motiv: Bankbygg Tidsrom: 1916 - 1918