Bildetekst:
Gravferd på Indre Halle, bnr. 2, i Hallebygda, frå tidleg i 1920-åra. Då døde 3 ungdomar i familien av tuberkulose med korte mellomrom: Kaspar Hilmar i 1920, 19 år, Margit Elisa i 1922, 19 år og Alma Petra i 1923, 27 år. Alma var den første sjukesøstra i Sande. Foreldra, Severin Halle og kona Lovise sit nærmast kista til venstre (Informant: Aslak Storegjerde).

ID: SASf-001.6896 Kommune: Sande
Distrikt: Hallebygda
Stad: Halle Indre
Motiv: Gravferd Tidsrom: 1920 - 1923