Bildetekst:
Det store kristelege ungdomsstemnet i Syvde i 1907 samla mykje folk, som kom til Syvde med mange båtar av ulik storleik. Storegjerde var på plass og tok mange bilete med utsyn over fjorden og stemneskyssen. Dette bildet er teke frå Vikefjøra mot Harbakken og Oseberg. Vi kan tydeleg sjå handelshusa til Rønnestad, og kaia i Vika på den andre sida av fjorden. (Informant: Jostein Nordvik)
Vi set stor pris på all informasjon vi kan få om eit bilde. Bruk gjerne dette skjemaet til å sende oss
det du måtte vite om dette bildet.
På førehand takk!
TIPS: Ved identifisering av personar startar ein alltid frå venstre og første rad.
For kvinner som kanskje har endra etternamn ved giftarmål nyttar ein det namnet som personen
sannsynlegvis hadde då bildet vart teke - gjerne med tilføying av nytt etternamn ved giftarmål,
dersom ein har kjennskap til det.