Bildetekst:
Syvde kyrkje, truleg ein stemnedag. I folkemengda framfor kyrkjegardsmuren kan vi sjå ei fane som blir bevega av vinden, og lenger bak over nausthjørnet ser vi ei anna fane av same typen. Svært mykje folk er samla på plassen framfor kyrkja, og mellom kyrkjegardsmuren og det gamle stornaustet til Vik notlag. Årstalet er usikkert, men det kvite gardshuset vi ser i lida i bakgrunnen, skal vere bygt i siste halvdelen av 1920-åra, så dette kan vere rundt 1930. Bildet er nesten identisk med SASf-001.6740. (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.6741 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Syvde
Motiv: Kyrkje Tidsrom: 1922 - 1955