Bildetekst:

Syvde kyrkje, truleg ein stemnedag.

Framfor venstre kyrkjedøra ser vi at vinden strekkjer ei fane rett ut, og lenger bak over nausttaket ser vi ei anna fane av same typen. Svært mykje folk er samla på plassen framfor kyrkja og mellom kyrkjegardsmuren og det gamle stornaustet til Vik notlag. Årstalet er usikkert, men det kvite gardshuset vi ser i lida i bakgrunnen, skal vere bygt i siste halvdelen av 1920-åra, så dette kan vere rundt 1930.

(Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.6740 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Syvde kyrkje
Motiv: Kyrkje Årstal: Omkring 1930

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
28.05.2015 Marte Storegjerde Syvde kyrkje.