Bildetekst:
Frå fjellet ovanfor Hauge og Saure i Haugsbygda.

Ein ser nedover mot indre del av Haugsbygda med fjordtarm som går vidare innover mot Gurskebotn. I fjordbukta til høgre ligg Sandvika. Fjellhøgda til høgre for Sandvika heiter Sandviktua, eller Storehornet, som det også vert kalla. Frå Storehornet går fjellryggen utover mot Nupatind. Dei litt snøkledde fjella i bakgrunnen er fjellområda over Rovde og Breiteig ved Syvdsfjorden. Landskapet som ligg bak, og litt til høgre for Storehornet, er Larsnes.

For den som har noko å tilføye om det ein ser på bildet er det fritt fram å sende informasjon til Storegjerdesamlinga..

20151015 - Arthur Vestnes

ID: SASf-001.6663 Kommune: Sande
Distrikt: Gursken
Stad: Haugsbygda
Motiv: Landskap, Årstal: Ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
14.10.2015 Bodil Julie Søvre Saure og Hauge i Haugsbygda .