Bildetekst:
Paret som sit lengst til venstre er lærar Elias Botolvsson Holsvik frå Syvde og kona Johanne Severinsd. Kleppestøl. Elias vart tilsett som lærar og klokkar i Syvde i 1914, og flytta då til Syvde frå Leikong i Herøy. Han var i fyrste ekteskap gift med Ingeborg P. Tennfjord i 1901, og dei hadde ei dotter, Ingeborg, f. 1902, som sit fremst til høgre for Johanne. Mora Ingeborg døde og Elias vart gift med Johanne i 1907, og på fanget har Elias sonen Botolv, f. 1908, og Johanne har dottera Gjertrud, f. 1910 på fanget. Då familien flytta til Syvde budde dei fyrst i klokkarbustaden ved skulen (gbnr. 89/4), men i 1916 flytte dei inn i nytt hus på Haldorbakkane, gbnr. 89/9 i Syvde. Elias og Johanne fekk seks born til der. Elias var svært aktiv i frivilleg lagsarbeid i IOGT og på andre område, og var mykje brukt som talar og foredragshaldar. Han døde i 1928. Same motivet finst også på SASf-001.7004). (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.6662 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Motiv: Gruppe Tidsrom: 1922 - 1955