Bildetekst:
Dette er gardbrukar og tømrar Laurits Guttormsson Myklebust Røys (gbnr. 89/19 i Syvde) på likstrå i opa kiste i tunet på Røysabruket i 1916. Laurits var fødd i Øvste-Kriken på Myklebust i Syvde (89/19). I 1896 gifte han seg med Marta Martinusd. Myklebust frå Villabøen (89/27). Då eigaren av Røysa-bruket (89/1) døde i 1902 og alle borna i familien der emigrerte til USA, kjøpte Laurits og Marta bruket på auksjon og busette seg der. Laurits og Marta fekk 9 born, men Laurits døde alt i 1916, og Marta står som brukar frå 1916 til 1939, då eldste sonen Johan overtok. Marta døde i 1957. Laurits var m.a. ein av dei tre snikkarane som stod for utvidinga av Syvde kyrkje i 1907 då kyrkja vart forlenga og fekk nytt tårn og inngangsparti slik ho står i dag. (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.6640 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Røysa
Motiv: Portrett Tidsrom: 1922 - 1955