Bildetekst:
Guri Alme frå Ulsteinvik har funne nokre klassebilete som ho trur kan vere frå Ulstein. Dette gjeld bilete nr 6419, 6453, 6455, 6458 og 6495. Bileta er tatt ute og har same bakgrunn. Kan nokon sjå på desse og gi tilbakemelding om dette kan vere rett? Kan nokon av personane attkjennast? Send evt. brukarkommentar direkte til det einskilde bilete!

På grunn av motivet sin bakgrunn meiner ho at bilda er frå Ulstein. Den første skulen stod på Halsen, akkurat grensa mellom Ulsteinvik og Skeide/ Ulstein skulekretsar også i dag.

Dette bildet er teke frå Osberget - rett ovanfor Halsen der skulen stod.

ID: SASf-001.6527 Kommune: Ulstein
Distrikt: Ulsteinvik
Stad: Osberget, Halsen
Motiv: Landskap. Halsen skule sett frå Osberget Tidsrom: 1922 - 1944