Bildetekst:
Hareid.

Her er DAMEN ferdig, Gudmunnset-buda er brent ned og ein kan så vidt sjå toppen av Kraftverkhuset bak et tre til høgra for Knut Holstad huset.

Det skjer ei rivande utvikling i Hareid desse åra. Det er store etablissement som ser dagens lys, og det er utbyggingar av tidlegare anlegg. Heilt til høgre har vi "Barakka" som var arbeidarbustad for guanomylna til Teigene a/s som ligg utafor høgre bildekant.

Til venstre for "Barakka" ser vi tunet til Gina og Harald Teigene. Desse to var opprinneleg same eigedom, og vart bebygde truleg kring 1915. Like til venstre for det kvite huset tilTeigene har vi Magnus Alme sin trevarefabrikk nede ved sjøen. Så kjem Skolmabuda på kommunekaia.

Så kjem det store kornlageret, seinare kommunehuset som på dette bildet er mørkt på farge. Det var bygt i 1916. Men på dette bildet har Kornlageret eller "Rådet" som det seinare blei kalla, fått ein ny nabo nedanfor seg i Johanbutikken. Denne tomta var tidlegare nytta til eit mindre hus for Johan-rederiet, og eg har vanskar med å finne kva år Johanbutikken vart oppført. I bygdeboka finn ein at det gamle huset vart utbetra i 1928, men dette huset er då klart eit nybygg. Det er vel truleg oppført i 1928. Her var det storslagen butikk i første høgda, og det var rederikontor for Johan E. Hareide-rederiet ovenpå.

Attanfor dette har vi piren og platten etter den store Tampen-buda som brann ned i 1920. Heilt i venstre bildekant ser vi damen til elverket som er omtala på eit par andre bilder i samlinga, og som var ferdig i 1919. Då står det att å nemne det huset som fører oss nærare til årstalet for bildet. Det er huset til Martinus Brandal med ein særeigen funkis-stil som vi finn om lag midt i bildet. Dette huset vart bygd i 1936 ifølgje bygdeboka. Bildet er då kanskje teke like før krigen?

(Informant: Johs. Klungsøyr).

ID: SASf-001.6485 Kommune: Hareid
Distrikt: Hareid
Stad: Hareid
Motiv: Landskap Årstal: 1933 - 1935

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
25.10.2019 Svein Lidvar Brandal 1933-35..
10.12.2015 Johs Klungsøyr Det skjer ei rivande utvikling i Hareid desse åra. Det er store etablissement som ser dagens lys, og det er utbyggingar av tidlegare anlegg. Heilt til høgre har vi "Barakka" som var arbeidarbustad for guanomylna til Teigene a/s som ligg utafor høgre bildekant. Til venstre for "Barakka" ser vi tunet til Gina og Harald Teigene. Desse to var opprinneleg same eigedom, og vart bebygde truleg kring 1915. Like til venstre for det kvite huset tilTeigene har vi Magnus Alme sin trevarefabrikk nede ved sjøen. Så kjem Skolmabuda på kommunekaia. Så Kjem det store kornlageret, seinare kommunehuset som på dette bildet er mørkt på farge. Det var bygt i 1916. Men på dette bildet har Kornlageret eller "Rådet" som det seinare blei kalla, fått ein ny nabo nedanfor seg i Johanbutikken. Denne tomta var tidlegare nytta til eit mindre hus for Johan-rederiet, og eg har vanskar med å finne kva år Johanbutikken vart oppført. I bygdeboka finn ein at det gamle huset vart utbetra i 1928, men dette huset er då klart eit nybygg. Det er vel truleg oppført i 1928. Her var det storslagen butikk i første høgda, og det var rederikontor for Johan E. Hareide-rederiet ovenpå. Attanfor dette har vi piren og platten etter den store Tampen-buda som brann ned i 1920. Heilt i venstre bildekant ser vi damen til elverket som er omtala på eit par andre bilder i samlinga, og som var ferdig i 1919. Då står det att å nemne det huset som fører oss nærare til årstalet for bildet. Det er huset til Martinus Brandal med ein særeigen funkis-stil som vi finn om lag midt i bildet. Dette huset vart bygd i 1936 ifølgje bygdeboka. Bildet er då kanskje teke like før krigen?
08.12.2015 Johs. J. Hareide Her er DAMEN ferdig, Gudmunnset buda er brent ned og ein kan så vidt sjå toppen av Kraftverkhuset bak et tre til høgra for Knut Holstad huset
14.05.2015 Marte Storegjerde Dette bildet er frå Hareid.