Bildetekst:
Bildet viser Midtre Tunheim, Gbnr. 17/5 til venstre. Bildet er teke omtrent frå den staden der plassen Skaret låg, og i høgre billedkant skimtar vi foten på Tunheimshornet. Rett over fjorden ser vi Slagnes.

"Huset lengst til venstre kalla vi vognhuset. Her stod vogner og anna redskap, og eg trur her var ein grisebinge. Neste hus kalla vi stallen eller lissjelødå. Her stod merra, og ofte eit føl eller ein "vintring". Gamleløda vart riva på femtitalet, og steinen i muren vart køyrd vekk med Internasjonalen til Nils Moen. Han hadde kran, og steinen vart slingsa opp på planet. Fiskå Handelslag betalte transporten, og steinen vart brukt i fyllinga nedanfor der.."...

(Informant Birger Fiskå)

ID: SASf-001.6398 Kommune: Vanylven
Distrikt: Fiskå
Stad: Tunheim
Motiv: Landskap Tidsrom: 1922 - 1944