ID: SASf-001.7347 |
Kommune: Sande |
Distrikt: Hallebygda |
Stad: Hallebygda, Stauregjerde |
Motiv: Bryllaup | Årstal: 1904 |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
05.09.2016 | Liv Margit Ertesvåg | Nr.33 Anna Pauline Nygård ( g. Kobbenes ) |
08.09.2015 | Aslak Storegjerde | Eg kjenner att nokre få på dette bildet. Ho som sit lengst bak til venstre er bestemor mi på farssida, Karen, 1867 - 1939. Guten rett framfor ho er eldste sonen, Lars, 1895 - 1983, som er far min. Ved sida av han sit bestefar min på farssida, Andreas Storegjerde, 1863 - 1948, med dei 2 yngste borna på fanget, Erling, 1900 - 1979, og Sigrid, 1898 - 1995. Han som sit ved sida av brudgommen, må nok vere broren Mathias, 1882 - 1958, som då var nyutdanna lærar frå Volda Lærarskule. Ein annan bror, Johan, var i Amerika på denne tid og kan dermed ikkje vere med på bildet. Eg syns elles å drage kjensel på nokre få til, men eg er så pass usikker at det er best å late vere. |