Bildetekst:

11. juni 1976 stod eit bryllaupsbilde av dette paret i bygdebladet Synste Møre i spalta "Frå albumet".

Mannen er Anders Bentsson Breiteig frå Ytre Skår gbnr. 76/2 i Syvde, og kona heitte Karen og budde i Bergen, men ho ætta frå Haram. Både Ansgar og Karen var døve. Avisa fortalde vidare: "...Dei fekk to søner som begge bur i Bergen og har gode stillingar.

Ansgar var i mange år skreddar i Bergen, han sydde til mykje fint folk, m.a. ein dress til sjølvaste 1905-mannen Chr. Mickelsen (sic.) ein gong.

Ansgar var også ein ivrig idrettsmann. Eit år vart han skandinavisk meister i turn på eit idretts-stemne for døve i Stockholm. Faren, Bent Breiteigi Skår, var skulehaldar og ei tid ordførar i Vanylven."

(Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.5764 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Syvde
Motiv: Portrett Årstal: Ukjent