Personer:
(1) Johannes Hansson Nordal Norvik
Bildetekst:
Bildet viser Johannes Hansson Norvik, 88/5 i Syvde, og er eigentleg eit utsnitt av eit bilete av ei stor forsamling i Ryda i Syvde i 1907, SASf-001.6993. Vi har fleire eksempel på at Storegjerde laga utsnitt av større bilete og retusjerte dei slik at dei blei store portrett av enkeltpersonar, m.a. laga han eit stort portrett av Laurits Røys i Syvde ved å ta eit ustnitt av eit stort bryllaupsbilde på Ystebakkane og retusjere bort omgivelsane, men dette utsnittet er ikkje ferdig bearbeidd. Fremst kan vi sjå håret på ei kvinne, og storbildet viser oss at det er Eline (Lina) Eikrem, som emigrerte og gifte seg med Petter Torsteinsson Eikrem frå bruksnummer 1 på Eikrem i Syvde.  (Informant: Jostein Nordvik)
Retting av bildeteksten. Sist periode skal vere:
Fremst kan vi sjå håret på ei kvinne, og storbildet viser oss at det er Paula Eline (kalla Lina) Eikrem, som utvandra til USA i 1910, der ho vart gift med husmann Petter Knutsson frå Ytre Sætre i Syvde. (Informant Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.5437 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Syvde
Motiv: Portrett, retusjering. Reg: JNO (Opplasta 22.01.2 Årstal: 1907

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
20.07.2015 Jostein Nordvik Retting av bildeteksten. Sist periode skal vere: Fremst kan vi sjå håret på ei kvinne, og storbildet viser oss at det er Paula Eline (kalla Lina) Eikrem, som utvandra til USA i 1910, der ho vart gift med husmann Petter Knutsson frå Ytre Sætre i Syvde.