Personer:
(1) Sitjande frå v.: Josef H. Brekke
(2) Berte Johannesdotter Løset Brekke
(3) Hans H. Brekke
(4) Anna Sivertsd. Sætre Brekke
(5) Bak frå .: Amanda H. Brekke
(6) Johan H. Brekke
(7) Paula Hallsteinsdotter Brekke Nordal
Bildetekst:
Brekkesysken og nokre ektemakar.

Fremst sit brørne Josef og Hans, Josef t.v. med kona Berte Løset. Dei budde på 88/41. Så kjem Hans og kona frå 2. ekteskap, Anna S. Sætre, frå Volda.

Bak til v. står systera Amanda, broren Johan i midten og til høgre står Paula, som var gift i Nordalen (86/4). (Informant: Jostein Nordvik).

Dei som står bak, er, frå venstre: Amanda Brekke, Johan Brekke og Paula Brekke (gift med Gerhard Eliasson Nordal). Desse tre er sysken til Hans og Josef Brekke, alle fødde på gnr. 89 bnr.21. Brørne Hans og Josef delte garden mellom seg, slik at Josef fekk brn. 41 og Hans bnr. 21. Kona til Hans kom frå Per-garden på Sætre på Lauvstad . Amanda døydde ugift i Oslo, Johan var gift med Valgerd Espeland frå Ølensvåg, der Johan dreiv handel. (Informant Harald Brandal)

ID: SASf-001.5385 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Syvde
Motiv: GruppeU7. menn, kvinner, Reg: JNO Årstal: Ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
22.05.2015 Harald Brandal Dei som står bak, er, frå venstre: Amanda Brekke, Johan Brekke og Paula Brekke (gift med Gerhard Eliasson Nordal). Desse tre er sysken til Hans og Josef Brekke, alle fødde på gnr. 89 bnr.21. Brørne Hans og Josef delte garden mellom seg, slik at Josef fekk brn. 41 og Hans bnr. 21. Kona til Hans kom frå Per-garden på Sætre på Lauvstad . Amanda døydde ugift i Oslo, Johan var gift med Valgerd Espeland frå Ølensvåg, der Johan dreiv handel.
19.12.2006 Jostein Nordvik Brekkefolk i Syvde. Sitjande frå v.: Josef H. Brekke og kona Berte, Hans H. Brekke og 2. kona Anna S.