Bildetekst:
Dette bildet er teke frå Støylane (Indre-Støylane) på sørsida av Kvamsøya. Ein meiner at det må vere teke omkring 1907 då fotograf Storegjerde var i anna fotooppdrag på Kvamsøya. Det kvite gamle skulebygget står om lag midt i bildet.

Utsikta ein har innover mot sydaust er: Myren, Kvia og Hatlebrekke. Det gamle skulebygget står om lag midt i bildet. Som ein ser er det ikkje veg på Indre-Støylane, men frå Myren og innover kan det synest som om der er ein vegstubb. Etter det som vert fortalt kom det offentleg veg på sørsida av Kvamsøya i 1910.

I bakgrunnen, øvst til høgre, ser ein Nystøylhornet på Hakallestranda. Den fjelltoppen skråar nedover mot Hesthammaren på Kvamsøya. Frå denne staden har ein god utsikt nedover mot det som vert kalla Lynget.

Stovehuset til venstre vart bygt av Karl Støylen av tilfang han henta frå Selje der han vart liggande verfast i tre dagar før han kom seg rundt Stadt og tilbake til Støylane. Heime sat kone og barn og venta. Den gongen var det ikkje berre å sende tekstmelding på mobiltelefonen: "Vi vert forseinka på grunn av vertilhøva". Dette huset vart nedteke og nytt bustadhus bygt av Jørgen Ervik i 1910.

(Informant: Arthur Vestnes).

ID: SASf-001.7049 Kommune: Sande
Distrikt: Kvamsøya
Stad: Kvamsøya, Støylane, Indre-Støylane
Motiv: Bygningar, gardstun Årstal: Omkring 1907