Bildetekst:
Opplysningar frå Randi Halsen Vorren:
Dette bildet har vi i glas og ramme, på baksidå er det skrevet: "Thunems-Bøen, huset bygd i 1902 og flytta til Rusta i 1946. Dei som står på trappa er Ola og Synnøve". Dei er altså oldeforeldra til min mann. Gnr. 18 bnr. 1. Mannen heitte Olai, Synneve døydde i 1897 og han vart gift på ny i 1902 med Dorte Rasmine Nilsdr. Y. Skjervheim - som altså då må vere ho på bildet. Olai heitte opprinneleg Skjervheim, men tok namnet Thunem. Slik eg forstår sogeboka (den gamle iallfall) så er det Synneve si slekt som eigde garden i generasjonar.

Jostein Nordvik, dato ??.??:????:
Huset vart flytta til gnr 13, bnr 7 på Rusta i Vanylven. Ola og Synneve på bildet er Olai sine foreldre, og Synneve døde i 1934 og Ola i 1936. Fyrste kona til Olai heitte Berte og ikkje Synnøve, så begge Olai sine foreldre levde lenger enn Olai si fyrstekone. Dermed kan det godt vere dei som faktisk står på trappa.

ID: SASf-001.0505 Kommune: Vanylven
Distrikt: Fiskå
Stad: Thunem, Thunemsbøen
Motiv: Tun, bygningar, Årstal: Ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
11.05.2019 Harald Bj. Thunem Dette ER Ola og Synnøve. Den retteleg staselege kårstova deira må forståast på bakgrunn av at Ola var einaste bornet som fekk leve opp etter Anders Skjervheim. "Skjervheimen" som han vart kalla, vart ein rik mann etter mangårig hell med frakt til, og sal av saltsild il Bergen. Ola og Synnøve var på denne tida fosterforeldre til Sara. Sara var datter til oldelssonen Olai. Sara fekk seinare dottere Borgny, og slik kom huset til å hamne på Rusta då Borgny gifta seg. Ola-Karen -søster til Olai - var som ei mor for Borgny etter at Sara døde ung - vart då med på flyttelasset.
25.03.2015 Kåre Myklebust Tilleggsopplysning/ Retting v/ Jostein Nordvik: Huset vart flytta til gnr 13, bnr 7 på Rusta i Vanylven Jostein Nordvik : Ola og Synneve på bildet er Olai sine foreldre, og Synneve døde i 1934 og Ola i 1936. Fyrste kona til Olai heitte Berte og ikkje Synnøve, så begge Olai sine foreldre levde lenger enn Olai si fyrstekone. Dermed kan det godt vere dei som faktisk står på trappa. ...
25.03.2015 Kåre Myklebust Opplysningar frå Randi Halsen Vorren etter publiseering på Facebook: Dette bildet har vi i glas og ramme, på baksidå er det skrevet: "Thunems-Bøen, huset bygd i 1902 og flytta til Rusta i 1946. Dei som står på trappa er Ola og Synnøve". Dei er altså oldeforeldra til min mann. Gnr. 18 bnr. 1. Mannen heitte Olai, Synneve døydde i 1897 og han vart gift på ny i 1902 med Dorte Rasmine Nilsdr. Y. Skjervheim - som altså då må vere ho på bildet. Olai heitte opprinneleg Skjervheim, men tok namnet Thunem. Slik eg forstår sogeboka (den gamle iallfall) så er det Synneve si slekt som eigde garden i generasjona.