| ID: SASf-001.4735 |
Kommune: Hareid |
Distrikt: Hareid |
Stad: Hareid |
Motiv: Landskap | Årstal: 1945-1950? |
| Dato | Navn | Kommentar |
|---|---|---|
| 10.12.2015 | Johs Klungsøyr | Bedehuset på Grimstad vart bygd i 1890-91. Tverrfløya mot Hareid vart påbygd i 1910. Gamleskulen på Holstad vart flytt til Grimstad som Gamleheim truleg i 1920. Huset til Inga og Petrus Bigset var ikkje bygd i 1916, men i 1907. |
| 08.12.2015 | Johs Klungsøyr | Eg seier meg lei for at der eg snakkar om ei klynge med hus, og nemner det nye KL-huset, så er det feil. K.L.(Knut Larson Hareide) bygde det ne huset med butikk i 1920. Det næraste huset i "klynga", og som eg feiltolka er det nye huset som Karl Gudmundset bygde seg i hans mest aktive glansperiode før han gjekk konkurs. Han fekk skøyte på tomta i 1910. Huset vart selt til Johannes Henriksson Brandal (VolleJon), og vi kjende huset som Vollegarden.Dette huset har Storegjerde eit flott bilde av under nr. 6264. |
| 07.12.2015 | Johs Klungsøyr | Vidare ser vi at huset til Inga og Petrus Bigset er oppkome, -det vart bygd i 1916. På fremste Teigene ser vi gamlehuset. Det nye vart bygd i 1920, det som brann i 1968. |
| 01.12.2015 | Johs Klungsøyr | Dette bildet bør vere teke i 1918 frå gjerdet ovanfor Kjøsaplassen på Indre Hareid/Hovleiten. Vi ser at der er store arbeid i elva, og det gjeld damen som blei bygd til Kraftverket som blei sett i drift i 1919. Ut frå dette burde damarbeidet gå føre seg i 1918. Like til høgre for kyrkja ser vi som ei klynge med hus, -litt samanstuva på grunn av fotolinsa som spelar oss eit puss. Det er Rasmusgarden, Johangarden , nye KL-butikken til K.L.Hareide og truleg Risvik-huset. Husa ved brua er Holm, Elvebu og Asbjørn Grimstad. Rett bak desse har vi Eljasløa og Eljasgarden. Den store lyse bygningen noko bak desse må vere den nye løa i Isakgarden, og huset i god avstand til høgre. Bak denne store lyse bygningen som må vere Isakløda har vi eit interessant tidsmerke. Her ser vi den nye Holstadskulen med 4 arker. Eg har funne i ei vonleg pålitande bok at den nye skulen stod fedig i 1919 og at dei to skulane stod der i lag nokre år før den gamle blei flytta til Grimstad som gamleheim. Altså; -Elverkdamen burde vere ferdig i 1918 dersom kraftverket vart sett i drift i 1919. Kunne den nye Holstadskulen vere ferdig utvendig slik vi ser han på bildet i 1918, men ikkje ferdig innvendig før 1919? Godt framme i Grimstadbygda ser vi også Hareid Bedehus med den karakteristiske tverrfløya mot Hareid. Nesten fram til bedehuset blei gamleskulen flytt nokre år seinare som kommunal Gamleheim. Årstalet kan vi finne ut. |