Bildetekst:
Frå Hareid.

Dette bildet er truleg teke frå Krokdalen, (seinare kalla Åsendalen), og mot Indre Hareid.

Til venstre har vi den gamle Gudmundsetbuda (seinare kalla Tampenbuda eller Donnabuda) som brann før eller under krigen. Den nye Donnabuda blei bygd ca. 1950, og då blei piren bygd med steinfylling.

Det er vanskeleg å finne noggrann historie om denne første Tampenbuda. Men eg har no fått opplyst frå pålitande hald at Tampen var bygd for Karl Gudmundset i 1913, og det er ikkje sikkert at denne gamle Tampenbuda vart bygd så mykje seinare. Gudmundset fekk skøyte på sjøbutomta i 1917, men det var nokså vanleg at dei bygde før skøyte vart ordna. Gudmundset gjekk konkurs, og Johs R. Hareide tok over Tampen og eigedomen i 1920. Det er ting som tyder på at buda brann før Hareide tok over. Vi ser vidare at K.L. Hareide ikkje har bygd opp det nye huset med ny butikk som vart oppført i 1918. Der er kanskje oppkome litt forskaling på tomta. Vi ser huset og løa til faren Lars Hareide lengre til venstre. Løa vart riven og huset selt til Johan Måseide som hadde slaktarverkstad og butikk her. Elles så ser vi det store kommunehuset (Rådet) nede ved sjøen. Til venstre for kyrkja ser vi først Rasmusgarden (Johs. R. Hareide), og så Johangarden (Johan E. Hareide) nær i lag. Biletet kan vere teke 1915-1917.

Johan E. Hareide d.y. skriv i boka om Elveket at denne gamle Tampenbuda brann i 1920, men ikkje noko om kva tid ho vart bygd. Eg har sagt i mitt førre innlegg om dette bildet at buda må ha blitt bygd før dei fekk skjøte på grunnen. Og det er sikkert, og kanskje før Tampen vart kontrahert. Bildet syner nemleg at buda både er ferdig bygd og påbygd, og alt dette frå 1917 til 1920?? Eg konkluderte med at bildet er frå 1915 - 1917. Johan E. seier at bildet er teke i 1916. Eg vil dessutan nytte høvet til å kommentere den mørke buda som står oppe på land med møneretninga parallelt med stranda, - ho står der den dag i dag 2015 på Tampen-eigedomen.. Vidare vil eg føye til at Johs J. Hareide fortel meg i dag at den drivkvite buda til venstre for denne siste, er nothenget til Johan E. Hareide-rederiet. Dette vart svært interessant.

Buda som står litt til høgre for Tampenbuda er Skolmabuda som står ved kommunekaia på Indre Hareid.

(Informant: Johs klungsøyr).

ID: SASf-001.4734 Kommune: Hareid
Distrikt: Hareid
Stad: Hareid, Krokdalen, Åsendalen
Motiv: Landskap Årstal: 1916

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
10.12.2015 Johs Klungsøyr Buda som står litt til høgre for Tampenbuda er Skolmabuda som står ved kommunekaia på Indre Hareid.
08.12.2015 Johs Klungsøyr Johan E. Hareide d.y. skriv i boka om Elveket at denne gamle Tampenbuda brann i 1920, men ikkje noko om kva tid ho vart bygd. Eg har sagt i mitt førre innlegg om dette bildet at buda må ha blitt bygd før dei fekk skjøte på grunnen. Og det er sikkert, og kanskje før Tampen vart kontrahert. Bildet syner nemleg at buda både er ferdig bygd og påbygd, og alt dette frå 1917 til 1920?? Eg konkluderte med at bildet er frå 1915 - 1917. Johan E. seier at bildet er teke i 1916. Eg vil dessutan nytte høvet til å kommentere den mørke buda som står oppe på land med møneretninga parallelt med stranda, -ho står der den dag i dag 2015 på Tampen-eigedomen.. Vidare vil eg føye til at Johs J. Hareide fortel meg i dag at den drivkvite buda til venstre for denne siste, er nothenget til Johan E. Hareide-rederiet. Dette vart svært interessant.
07.12.2015 Johs Klungsøyr Det er vanskeleg å finne noggrann historie om denne første Tampenbuda. Men eg har no fått opplyst frå pålitande hald at Tampen var bygd for Karl Gudmundset i 1913, og det er ikkje sikkert at denne gamle Tampenbuda vart bygd så mykje seinare. Gudmundset fekk skøyte på sjøbutomta i 1917, men det var nokså vanleg at dei bygde før skøyte vart ordna. Gudmundset gjekk konkurs, og Johs R. Hareide tok over Tampen og eigedomen i 1920. Det er ting som tyder på at buda brann før Hareide tok over. Vi ser vidare at K.L. Hareide ikkje har bygd opp det nye huset med ny butikk som vart oppført i 1918. Der er kanskje oppkome litt forskaling på tomta. Vi ser huset og løa til faren Lars Hareide lengre til venstre. Løa vart riven og huset selt til Johan Måseide som hadde slaktarverkstad og butikk her. Elles så ser vi det store kommunehuset (Rådet) nede ved sjøen. Til venstre for kyrkja ser vi først Rasmusgarden (Johs. R. Hareide), og så Johangarden (Johan E. Hareide) nær i lag. Biletet kan vere teke 1915-1917.
28.11.2015 Johs Klungsøyr Dette bildet er truleg teke frå Krokdalen, (Seinare kalla Åsendalen), og mot indre Hareid. Til venstre har vi den gamle Gudmundsetbuda (seinare kalla Tampenbuda eller Donnabuda) som brann før eller under krigen. Den nye Donnabuda blei bygd ca. 1950, og då blei piren bygd med steinfylling.