Bildetekst:
Frå Ole-Magne Kvalsvik, november 2016:
Slik skriv Magne P. Nordal:
Etter at bestefar no etter kvart hadde fått røynsle i å drive fiske, og hadde tjent seg noke pengar, slo han seg saman med fem andre Syvdingar, og dei kjøpte seg ein brukt båt, for å drive fiske. Det var ein såkalla «Sørabåt» . Den var grønmala, så den vart kalla berre «Grønebåten». Dei fleste andre båtane på den tida var tjørebredde. Dei som var med i dette båtlaget var forutan bestefar: «Håle-Andreas », Andreas Olson Myklebust (1848-1951), «Stranda-Gjærat», Gerhard Jensson Strand (1870-1956), «Jyle-Hans», Hans Andersson Myklebust (1864-1956), «Bent-Adam», Adam Bentsson (Lade) (1874-1956) «Gulik-Per», Peder Eliasson Nordal (1876-1961). Desse karane utrusta seg så med fiskevegn og dreiv fiske med denne båten på mellom anna Svinøyhavet. Dei leigde seg husrom på Sandsøya, og rodde fiske derifrå. Grønebåten som etter kvart hadde vorte ille medfaren i storm og storbåre, tok no til å verte lite sjøsikker. Likeså hadde den ei noke tungvint selgføring, etter det bestefar fortalde. Båten vart derfor kondemnert, og båtlaget lema den sund og delte båtborda mellom seg.
I Monsgarden har det vore teke vare på noke av desse båtborda, der grønfargen som båten hadde, er synleg.
Til erstatning for denne båten, kjøpte båtlaget seg ein ny båt. Det var ein Møringsbåt, som dei heldt fram med å drive fiske med. Ein godeversdag ut på 1900-talet møtte dei fotografen Olaf Storegjerde i båt «uta på Vallaboden», fortalde bestefar. Han tok eit bilete av båten med fulle segl, og med mannskapet oppstilt etter hans anvisning. Dette biletet har vore brukt i mange samanhengar som ilustrasjonsfoto for denne båttypen, og fisket som vart drive med desse båtane.
Mang ein gang dei var på havet, og det bles opp til uver, var det ofte ein stri tørn å kome seg til lands.
«Hole-Andreas» som var båtførar og var ein dyktig seglar, fortalde bestefar.

BILDE: Møringsbåten ved Vallaboden. Bak i båten sit Andreas Olson Myklebust - "Hole-Andreas" (1848-1951) ved Styrevolen. Ved sida av han sit Gerhard Jensson Strand - “Stranda- Gjærat" (1870-1956) med storseglskjøtet. Ved mastra står først Hans Andersson Myklebust - "Jyle-Hans" (1864-1956) og deretter Adam Bentsson (Lade) - "Bent-Adam" (1874-1956). Fremst i båten står først Mathias Pederson Nordal - "Mons-Mathias" (1884-1971) og deretter Peder Eliasson Nordal - "Gulik-Per" (1876-1961).



Til tidfesting av fotografiet: I "Fiskarsoga" frå 1932 brukar Paul Moltu dette fotografiet som illustrasjon av "Møringsbåt med gaffelsegl".
(Informant: Per Kristian Halle.)

Båten kan være "Viking", båten til Isak Sandvik, iflg. Leiv Sandvik. Den 9. mars 1979 stod det ein artikkel i lokalavisa Synste Møre, ”Om fiske og fiskarar i Syvde”, skriven av signaturen O.N. Der var dette bildet gjengitt. Billedteksten fortalde at dette var ”Holebåten, siste opne seglbåten på Svinøyhavet.”, og i artikkelen står det at ...”Andreas O. Myklebust med Holebåten var siste opne seglbåten på Svinøyhavet. Han låg på Sandshamn vinteren 1914-15 med Sørabåten sin."

Personane på bildet er namngitt slik: "... Mannskapet er: Hole-Andreas, båtførar, Gerhard Løsetstrand sit med storseglskjøtet, ved mastra står Bent-Adam og Jyle-Hans, og i framromet står Peder E. Nordal og Matias E. Nordal. Dei fire har reist seg opp for fotografen. ...”

Ved å forstørre bildet ser vi at ein av mennene ved masta har stort buskete skjegg slik Jyle -Hans ofte er avbilda og mannen ved sida av har stor bart slik Adam Bentsen hadde. Kvar bildet er teke veit eg ikkje, og det er ikkje sagt noko om det i artikkelen.
(Informant: Jostein Nordvik).

Bildet er teke like ved Sandshamna. Det næraste fjellet i bakgrunnen er Nupafjellet, og til høgre i bakgrunnen ser vi snødekte Brandalsfjellet.
(Informant: Oddvin Rusten).

ID: SASf-001.4628 Kommune: Sande
Distrikt: Sandsøya
Stad: Sandshamn
Motiv: Båt, seglbåt, møringsbåt, gaffelsegl, kystlandskap Årstal: Ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
31.12.2015 Oddvin Rusten Bildet er teke like ved Sandshamna. Det næraste fjellet i bakgrunnen er Nupafjellet, og til høgre i bakgrunnen ser vi snødekte Brandalsfjellet.
07.07.2015 Jostein Nordvik Den 9. mars 1979 stod det ein artikkel i lokalavisa Synste Møre, ”Om fiske og fiskarar i Syvde”, skriven av signaturen O.N. Der var dette bildet gjengitt. Billedteksten fortalde at dette var ”Holebåten, siste opne seglbåten på Svinøyhavet.”, og i artikkelen står det at ...”Andreas O. Myklebust med Holebåten var siste opne seglbåten på Svinøyhavet. Han låg på Sandshamn vinteren 1914-15 med Sørabåten sin." Personane på bildet er namngitt slik: "... Mannskapet er: Hole-Andreas, båtførar, Gerhard Løsetstrand sit med storseglskjøtet, ved mastra står Bent-Adam og Jyle-Hans, og i framromet står Peder E. Nordal og Matias E. Nordal. Dei fire har reist seg opp for fotografen. ...” Ved å forstørre bildet ser vi at ein av mennene ved masta har stort buskete skjegg slik Jyle -Hans ofte er avbilda, og mannen ved sida av har stor bart slik Adam Bentsen hadde. Kvar bildet er teke veit eg ikkje, og det er ikkje sagt noko om det i artikkelen.
19.10.2005 Per Kristian Halle Til tidfesting av fotografiet: I "Fiskarsoga" frå 1932 brukar Paul Moltu dette fotografiet som illustrasjon av "Møringsbåt med gaffelsegl". (Sjå også nr FAKf-100100.114217.)
19.11.2005 Leiv Sandvik Dette kan vere Viking, båten til min bestefar Isak Sandvik.