Personer:
(1) Frå venstre: Peter Kornelius Nupen
(2) Elias Nupen
Bildetekst:
Frå venstre: Peter Kornelius Nupen (1867 - 1947) og Elias Nupen (1869 - 1943). Dei vaks opp på gnr. 25, bnr. 4 Nupen i Hallebygda (Sandesoga II, s. 21), og var to av sønene til Ane Gurine og Martinus Nupen.

Sjå melding frå informanten!

(Informant: Liv Margit Ertesvåg)

(Dette er truleg reprobilder.)

ID: SASf-001.4596 Kommune: Sande
Distrikt: Hallebygda
Stad: Hallebygda, Nupen
Motiv: Portrett, repro? Tidsrom: Ukjent - ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
14.11.2015 Liv Margit Ertesvåg Frå venstre: Peter Kornelius Nupen (1867 - 1947) og Elias Nupen (1869 - 1943). Dei vaks opp på gnr. 25, bnr. 4 Nupen i Hallebygda (Sandesoga II, s. 21), og var to av sønene til Ane Gurine og Martinus Nupen. Her heime hugsar eg at mi farmor, Margit Nupen, sa "onkel Karneles" om Peter Kornelius når ho fortalde om desse to som utvandra til Sør-Afrika. Men etterslekta der nede (4 generasjonar) skriv Peter Cornelius eller berre P.C. Både Peter Kornelius og Elias er gravlagde i Johannesburg. Ei av systrene deira, Oluffa Nupen Pederson, fortel om dei i boka "Slekta frå Indresøvde", s. 113 og 114 : "Det var ikkje so mykje å ta seg til med for ungdomar den tida. Dei som ikkje trongdest på heimegarden, måtte skaffe seg utkome andre stader. Amerika-feberen gjekk som ein farang over bygdene, og at faren hadde vore ein tur til Amerika og hadde noko greie på tilhøva der borte, gjorde vel sitt til at sønene drog dit. Kornelius reiste då han var 19 år og den 2 år yngre broren Elias fylgde etter så snart han var gamall nok. Dei to brørne fylgdest åt fyrst til Amerika, so til Sør-Afrika og ei tid var dei i Kristiania men tilsist i Sør-Afrika, der dei enda sine dagar. Etter 3-4 år i Amerika, der dei arbeidde på jernbane-anlegg, kom dei heim og stogga ein kort bolk. Utvandringa til Sør-Afrika var då kome i gang. Gullgruver og andre miner, farming og mangt anna lokka på ungt vågemot. Kornelius og Elias drog so dit i lag med mange andre sunnmøringar. Dei vart verande i og ikring Johannesburg. Dreiv med jernbanebygging, brubygging og truleg noko minedrift med mest berre negrar til arbeidkraft. Etter 6 år kom dei heimatt, truleg med ein god slump pengar. Kornelius i lag med Peter Bentson (Koparnes) kjøpte ein stor gard (Stensby) ved Minnesund og slog seg til der. Elias slog seg til i Kristiania og dreiv med bygging og kjøp og sal av hus. Men det gjekk ikkje serleg bra med gardsdrifta, så garden vart seld. Elias tapte nok pengar på si forretning i Kristiania. Dei gode tider i 90 åra vart slutt, og kring 100 årsskiftet drog begge brørne att til Sør-Afrika, og vart verande der resten av si tid."