Bildetekst:
Halvdanbuda på Saunes i Ulstein kommune. I bygdeboka står det at Knut O. Dimmen fekk skøyte på eigedomen i 1916 og bygde sjøpakkhus. Halvdan, Nils og Andreas Saunes overtok eigedomen i 1929. Halvdan hadde oljelager her og leigde ei tid ut sjøbuda til Ulstein Mylne. Eigedomen vart seld i 1971 til Harald P. Saunes. Buda brann ned 1. mars 1988. Båten som ligg ved kaia skal vere DS "Grei", eigd av Petter Moldskred frå 1919-1931, då Ulstein Dampskipsselskap står som eigar. Båten blei same året overteken av MRF. Det store bygget til venstre litt opp i bakgrunnen er Ulsteinvik folkeskule som vart teken i bruk i 29. august 1932, så bildet kan vere frå rundt 1935.

(Informant: Svein Lidvar Brandal).

ID: SASf-001.3954 Kommune: Ulstein
Distrikt: Ulsteinvik
Stad: Ulsteinvik, Saunes, Halvdanbuda
Motiv: Landskap, kai, sjøhus Årstal: Omkring 1935

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
01.06.2015 Svein Lidvar Brandal Halvdanbuda på Saunes i Ulstein kommune. I bygdeboka står det at Knut O. Dimmen fekk skøyte på eigedomen i 1916, og bygde sjøpakkhus. Halvdan, Nils og Andreas Saunes overtok eiegedomen i 1929. Halvdan hadde oljelager her, og leigde ei tid ut sjøbuda til Ulstein Mylne. Eigedomen vart seld i 1971 til Harald P. Saunes. Buda brann ned 1. mars 1988... Båten som ligg ved kaia skal vere DS "Grei", eigd av Petter Moldskred frå 1919-1931, då Ulstein Dampskipsselskap står som eigar. Båten blei same året overteken av MRF. Det store bygget til venstre er Ulsteinvik folkeskule som vart teken i bruk i 29. august 1932, så bildet kan vere frå rundt 1935...