ID: SASf-001.3938 |
Kommune: Vanylven |
Distrikt: Syvde |
Stad: Hendengarden |
Motiv: Bryllaup, gruppeU60, | Årstal: 1916 |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
23.03.2015 | Jostein Nordvik | Nr. 1 er Rasmine Bentsd. Myklebust, fødd i 1860 på gardsnr. 89 bruksnr. 5 Oseberg i Syvde. Mora var frå denne plassen, og faren kom frå Brekke i Syvde, så Rasmine var ikkje fødd Åsevik. Nr. 58 er ført opp som Sigvald Andreasson Tryggestad, og eg reknar med at det er meint Sigvald Andreasson Vik. Han var onkel til min far, og det finst mange bilde av Sigvald både som barn, ungdom og vaksen, og eg tvilar sterkt på at dette er han. Sigvald var fødd på gbnr. 88/18 Teigane i Syvde, og foreldra kom frå Hallebygda og Gursken, og kjøpte dette bruket i Syvde i 1860-åra. Andreas vart enkjemann, og gifte seg igjen og fekk to gutar i andre eksteskap: Sigvald og Sverre, Dei brukte etternamnet Vik, og Sigvald tok etternamnet Tryggstad fyrst etter at han var gift og fekk ein parsell, Tryggstad, Vik br.nr. 27 i 1934, der han bygde eige hus. |