Bildetekst:
Ulsteinvik etter 1963, med Sauneset i bakgrunnen. Til venstre ser vi litt av Ulstein Samvirkelag, og på Sauneset ser vi Halvdanbuda som brann ned natt til 1. mars 1988, Ulstein Mylne bygd ca. 1952 og til høgre i forgrunnen ser vi restane av Ottesenbuda som var riven i 1963. (Informant Svein Lidvar Brandal)

2015.06.02:
Storegjerdesamlinga ved Arthur Vestnes har gjort Svein Lidvar Brandal merksam på at fotograf Olaf Storegjerde døydde i 1958. Han kan då ikkje ha teke dette bildet dersom det er rett at det er datert etter 1963. Brandal lova å undersøkje tilhøva for dette nærare. På dette grunnlag er kommentaren publisert.

ID: SASf-001.3799 Kommune: Ulstein
Distrikt: Ulsteinvik
Stad: Ulsteinvik
Motiv: Landskap Årstal: Ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
26.01.2021 Svein Lidvar Brandal Då har vi kanskje svaret på kvifor dette bildet som er teke etter 1963 har kome inn i samlinga, over 5 år etter at Olaf Storegjerde døydde. Iflg. kjelder så hadde Olaf Storegjerde og fotograf Olav Hjertnes felles atelier i Fjærly, der bildet er teke frå. Hjertnes kom til Ulsteinvik i 1953, og dei etablerte eit samarbeid då fram til Olaf Storegjerde døydde. Korleis bildet har hamna i samlinga, kan ein vel berre spekulere i. Men sannsynlegvis så har det blitt med av kanskje ei rein tilfeldigheit.
01.06.2015 Svein Lidvar Brandal Ulsteinvik etter 1963 med Sauneset i bakgrunnen. Til venstre ser vi litt av Ulstein Samvirkelag, så på Sauneset ser vi Halvdanbuda som brann ned natt til 1. mars 1988, Ulstein Mylne bygd ca. 1952 og til høgre i forgrunnen ser vi restane av Ottesenbuda som var riven i 1963... ########## 2015.06.02: Storegjerdesamlinga ved Arthur Vestnes har gjort Svein Lidvar Brandal merksam på at fotograf Olaf Storegjerde døydde i 1958 og kan då ikkje ha teke dette bildet dersom det er rett at det er datert etter 1963. Brandal lova å undersøkje tilhøva for dette nærare. På det grunnlag vert kommentaren publisert.