Bildetekst:
Losje "Knarre" på Rovdestranda.

Losje "Knarre" vart starta i 1916. I forsamlingshuset på Rovde heng ei inneramma stadfesting på at "Knarre" er oppteken i Storlosjen. Namna på dei 32 medlemmene er der oppskrive der.

På dette biletet som heilt sikkert er teke noko seinare sit i første rad f.v. Olav Ljoså og Severin Rovde. I rada bak er Johan Lillerovde nr. to f.v. Første rad ståande nr. to f.v. Hans Sundnes og nr tre: Teodor Søvdsnes. Nr 6 i same rad Signe Vedeld Knardal og nr. 7 Berte Korsfur Kvammen. Fredrik Roth står nr. to frå v. i rada bak. (Informant Hallstein Ljoså).

ID: SASf-001.3524 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovdestranda
Motiv: Gruppe Årstal: ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
25.01.2017 Per Knardal Merknad til H. Ljoså si namneopplysning. Han meiner at ei av jentene på biletet er mor mi, Signe Knardal f. Vedeld. Ho var fødd 28.01.1913 og ho er ikkje med på dette biletet.
12.01.2017 Hallstein Ljoså Losje "Knarre" vart starta i 1916. I forsamlingshuset på Rovde heng ei inneramma stadfesting på at "Knarre" er oppteken i Storlosjen. Namna på dei 32 medlemmene er der oppskrive der. På dette biletet som heilt sikkert er teke noko seinare sit i første rad f.v. Olav Ljoså og Severin Rovde. I rada bak er Johan Lillerovde nr. to f.v. Første rad ståande nr. to f.v. Hans Sundnes og nr tre: Teodor Søvdsnes. Nr 6 i same rad Signe Vedeld Knardal og nr. 7 Berte Korsfur Kvammen. Fredrik Roth står nr. to frå v. i rada bak.