Bildetekst:
Dette er frå det store ungdomslagsstemnet i Syvde i 1907, med iallfall seks lagsfaner framfor kyrkja. Syvde kr. ungdomslag hadde fått si fane året før. men ho er ikkje her. Dette stemnet var det siste store arrangementet i kyrkja før tårnet vart rive,og kyrkja forlenga (frå tre til fem glas i langveggane), påsett nytt tårn og gitt eit heilt annleis og breidare inngangsparti. Storegjerde tok også fleire bilete av alle båtane folk hadde kome i til stemnet, og iallfall tre av dei finst i Fylkesfotogalleriet sine basar (FAKf-100100.117293, -117298 og -117364. (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.3506 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Syvde
Motiv: Kyrkje, faner, stemne, Reg: JNO Årstal: 1907