Bildetekst:
Vi er på Rovde her. Bruket til Jakob Åsemyr nedst og bruket til Kristian Meisingset øvst, altså "oppi åsen". Vi ser Laupsnipa i bakgrunnen.
(Informant: Stig Stanghelle).

Bruka er to bureisingsbruk som var tekne opp på Årskog-garden, gardsnr. 115, i 1937 frå eit stykke av sams utmark. På bruksnr. 11 Åsen var det Andreas Johansson Åsemyr og kona Jenny Jakobsd. som tok bureising. Våningshus vart bygt i 1937 og løde i 1939. På bruksnr. 12 Øvre Åsen var det Paul Petersson Årskog som slo seg ned. saman med kona Anne Paulsd. Der vart stovehus sett opp i 1937 og løde i 1938. Dette bruket vart i 1964 selt til Kristian Ingebretsen Meisingset.
(Informant: Jostein Nordvik).

Vi tek elles med ein kommentar som Rolf Aasevik Dyb skreiv til dette bildet då det vart presentert på FaceBook i 2015: "Vert alltid imponert når eg ser resultatet av rein handemakt! På biletet kan det sjå ut som det stort sett er handterleg stein som ligg i røyser. Men ser ein nøyare etter, ser ein at utan stubbebrytar eller "sterkoder" hadde det vore vanskeleg å rydde grunnen for stein. Ikkje sikkert at alle idag veit kva ein stubbebrytar er? På marka nedanfor huset til "nå Andreas opp i Åsa" står der ein. Dei hadde som kjent ikkje gravemaskin, men gjorde seg hjelpte! "

ID: SASf-001.3305 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovde
Stad: Årskog
Motiv: Landskap Årstal: ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
09.05.2015 Kåre Myklebust Frå Åsen på Rovde. Kommentarer etter publisering på Facebook: Stig Stanghelle: "Trur forsyne meg vi er på Rovde her og, bruka til Jakop Åsemyr nederst og bruket til Kristian Meisingset øverst, alså "oppi åsen", vi ser Laupsnipa i bakgrunnen" Anton Jon Aarskog: "G.nr 115 Årskog B.nr.11 Åsen- b.nr.12 Åsen Øvre" Reidun Moltubakk: "Åsemyrgarden bygt stovehus 1937,løde 1939. Øvste garden stovehus 1937, løde 1938".