ID: SASf-001.5290 |
Kommune: Vanylven |
Distrikt: Syvde |
Stad: Nigarden |
Motiv: GruppeU10, Reg: JNO | Tidsrom: 1904 - 1955 |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
21.01.2009 | Jostein Nordvik | Dette er familien Peter P. Eikrem Vik på Gbnr. 88/14 Nigarden i Syvde. Ved sida av han sit kona Oline Olsd. Vassbakke. Det er hennar fyrste og hans andre ekteskap. Opplysningar om alle i barneflokken finst m.a. i Bygdebok for Syvde sokn (1974) s. 248. Den eldre kvinna på biletet er ikkje sikkert identifisert, men det kan vere Berte Olsd. Vik. Ho var stemor til Peter Vik si fyrste kone, Anna Knutsd. Vik som døde i 1884. Berte døde iallfall så seint som i 1916, og hadde då gravlagt 4 ektemakar, og den siste av dei var Nigards-Knut. |