ID: SASf-001.1612 |
Kommune: Sande |
Distrikt: Hallebygda |
Stad: Halle Ytre |
Motiv: Likstrå, gutt, | Årstal: 1904 |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
06.10.2005 | Per Kristian Halle | Årstalet og bestillaren av dette barneportrettet tyder på at bak dette, eit av dei mange alvorsprega portretta i Storegjerdesamlinga, ligg ei svært vemodig historie. Eg har fått fortalt den slik: Barnet i den fint oppreidde senga må vere Arthur Bjarne Oskar, første barnet til Peter B. og Petra P. Halle. Han vart fødd i 1900 med ein alvorleg nyresjukdom; foreldra tok han m.a. til Bergen for operasjon (dren), men det var nok det meste den tids kirurgi kunne utrette. Arthur sjukna inn - og faren bodsende fotograf. Han døydde 13. september 1904. Mor hans syrgde i alle år over "den fyrste Arthur" som han vart kalla i familien, tok vare på fotografiet, og anka på kor lite dei den tida var i stand til å gjere for guten. (Kirsten Kobbenes meiner å huske at barnet vart fotografert då han låg i kista, men det må i så fall vere eit anna bilete.) Det må ha vore ei lette at då dei mista Arthur var Peder, den neste av 6 friske born, fødd i januar same året. (Pr oktober 2005 nærmar han seg 102 års alder). Ein "ny Arthur" vart fødd i 1915. Historia om Arthur fortel om det gjennombrotet av moderne teknologi som gjekk føre seg for 100 år sidan: dampskipssambandet med Bergen, kirurgien som trass alt var tilgjengeleg, om enn primitiv, fotografen som etablerte seg som næringsdrivande langt ute på landsbygda - og korleis hans kunst må ha blitt oppfatta som verkeleg i stand til å "forevige" den forgjengelege augneblinken. Eg minnest at i Hallebygda var tilliten til at "Staurjærs-olaf" nok hadde "dokumentert" hendingane i fortida sterk og levande. |