Bildetekst:
Motiv frå Larsnes omkring 1920.

Bildet er teke frå området aust for Vardehøgda like ovanfor Larsnes skule som står her i dag. Heile dette området er no dekt av skog.

Midt på i bildet, litt til venstre, ligg gamlestova på Tippen. Litt framfor dette huset, mot både høgre og venstre, har terrenget ei bratt skråning, som vi ikkje ser på bildet, nedover til der riksvegen/fylkesvegen går i dag. I sentrum på bildet ser ein kommunehuset Tinghaug bygd i 1904. I dette området ligg i dag Sandetun sjukeheim og omsorgsbustadane Elverom, Elvebakken og Haugatun.

Ein ser Prestegardsvegen innover til prestegarden og Dalebygda går forbi Tinghaug, tunet på garden Haugen og framover til enden av sletta der husa på bruket Garen ligg til venstre og Nygaren til høgre. I området til venstre for Prestegardsvegen ligg i dag bustadområda Haugen og Råkja.

På landsida ved sjøen til høgre ligg 2 sjøeigedomar, (Seljeset og Dalen). Ein ser at det ein i dag kallar Vasstrandkaia, er under bygging/oppmuring. Karl A. Dalen bygde sjøhus her i 1915-1916 ifølgje Sandesoga. Det bygget er med på bildet.

Heilt til høgre er Holmen der Larsnes Mek Verkstad AS ligg i dag. Legg merke til voren over Holmesundet. Det var ein oppmurt gangveg - kanskje ein liten meter brei – og med ei opning midt på. Over her låg det berre nokre treplankar som var til å ta bort når båtar skulle igjennom sundet som var tørrlagt på fjøre sjø!

Nausta ein ser på nedsida av Ørbeck-halsen aust for Holmesundet tilhøyrer gardane Dalen og Kvalen.

ID: SASf-001.5239 Kommune: Sande
Distrikt: Larsnes
Stad: Larsnes, Vardehøgda
Motiv: Landskap, Årstal: Omkring 1920

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
10.08.2007 Olav Myklebust Dalebygda?