Personer:
(?) Hallstein A. Nedreberg Brekke
(?) Hans H. Brekke
(?) Johanne H. Brekke
(?) Josef H. Brekke
Bildetekst:
I Synste Møre vart dette bildet presentert 18. mai 1979 i spalta Frå Albumet, med fylgjande tekst: "Dette fine gamle bildet er frå samlinga etter fotograf Storegjerde – og det er teke på Brekke i Syvde. Huset er Hallstein Adamson Nedreberg (1833 – 1906) sitt. Det er han som sit framfor huset. Kona Johanne Hansdotter Brekke (1844 – 1923) står bak koparkjelen.

Ved hushjørnet står sonen Hans og kona Anna Sivertsdotter Sætre (frå Volda) med kvar si småjente. Det er Anna, seinare gift Brandal, på farens arm, og mora held Haldis, seinare gift Uri. Ho som står til venstre for Anna, er Ingeborg Løndal frå Folkestad. Vidare frå høgre står – etter Johanne – svigerdottera Berte Johannesdotter f. I.-Løset og mannen hennar, Josef som stør seg att i vogna. Mellom desse to, ståande på vogna er eldstesonen Hallstein.

Dei to borna som sit på vogna, er Mina og Enok. Mina vart gift Stokke og bur på Hustad. Enok busette seg i Canada. Han er no død. Guten som Berte held, er sonen Johannes, som inntil for kort tid sidan var poststyrar i Syvde. Dei tre borna heilt til venstre er Hans sine frå fyrste ekteskap. Det er Benjamin, Adam og Johanne. Benjamin var i mange år på Austlandet, men dei siste åra han levde, budde han på Brekke hjå systera Johanne, gift Eggen. Adam budde på Brekke og dreiv farsgarden der.

Ho som står ved sida av Johanne er truleg Amanda (Mally), syster til Josef og Hans." Kommentaren er skriven i 1979, og vi veit ikkje heilt kven som har skrive han. Brørne Hans og Josef delte Brekke-bruket (89/21) og den delen som vart fråskild og som Josef åtte, fekk gbnr. 89/41. Hans og etterkomarane budde og bur på gbnr. 89/21.

(Informant 2013: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.5771 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Brekke
Motiv: Portrett, storfamilie, gardstun, Reg: JNO (Opplas Årstal: 1906?

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
11.06.2015 Jostein Nordvik Haldis Brekke var fødd 8. mars 1906, og Halstein A. Nedreberg Brekke døde etter ministerialboka for Syvde den 26. august i 1906, så iallfall teoretisk er det fullt muleg at han er på dette bildet.
26.05.2015 Harald Brandal Mannen som sit framfor huset kan ikkje vera Hallstein, sidan han døde i 1905, og borna som er nemnde, Anna og Haldis, er fødde, høvesvis 1904 og 1906. Etter som mi mor, Anna, fortalde om dette biletet, så kalla dei han som sat framfor huset for 'Tyri-Hans', men ho visste ikkje rette namnet hans.